I perioden 2024 til 2027 jobbar Nordavind Utvikling med prosjektet Vandringsmønster anadrom fisk i Troms. I korte trekk handlar det om å skaffe meir kunnskap om status for dei anadrome artane.
I første del er det planlagt to hovudtiltak.
Eit av tiltaka er å kartlegge vandringsmønsteret for anadrom fisk frå utvalde elver i Midt-Troms. Her håpar vi å få meir kunnskap om kva som skjer med fisken i den perioden den oppheld seg i sjøen. Dette vert gjennomført i samarbeid med Havforskingsinstituttet.
Det andre hovudtiltaket er kopla til utvikling og implementering av kunstig intelligens (KI) i elveforvaltninga. Målet er å effektivisere arbeidet med overvaking av bestandane. Dette skjer i samarbeid med NTNU.
Metodar

Tranøybotn og Omegn JFF sto på for å få samla smolt til merking i Tennelvvassdraget.
Foto: Kari Tveit
- Merking og kartlegging av vandringsrutene til smolt som er på veg mot beiteområda
- Bruk av KI for å registrere og analysere gytefisk på veg opp i elvene
- Samarbeid med lokale og nasjonale forskingsinstitusjonar – I denne samanhengen gjeld det Havforskingsinstituttet og NTNU
Målsettingar
- Gode kunnskapar om anadrom fisk sine vandringsmønster, som igjen gjev grunnlag for god lokal forvaltning
- Effektiv registrering og overvaking av fiskebestandar, som også gjev grunnlag for god lokal forvaltning
- Bidra med faktabaserte data i arbeidet for å sikre ei effektiv og kunnskapsbasert forvaltning av anadrome artar
Forventa resultat på lokalt nivå
- God dokumentasjon av vandringsmønster
- Innovativ KI-løysing for fiskeregistrering
- Betre forvaltning av lokale anadrome fiskebestandar
Rune Nilsen frå Havforskingsinstituttet merker laksesmolt.
Foto: Kari Tveit
Vandringsmønster sjø – Eit samarbeid med Havforskingsinstituttet.
Arbeidet for å dokumentere vandringsmønsteret for smolt av laks og aure vert gjennomført i samarbeid med Havforskingsinstituttet i Tromsø. Forskarane opererer akustiske merker inn i smolt av
laks og aure som skal ut på beitevandring i sjøen. På førehand er det plassert ut lyttebøyer som registrerer merka fisk når den kjem forbi på veg mot beiteområda. Slik får vi meir konkret informasjon om tidspunkt for utvandring og vandringsrutene til dei ulike anadrome artane.
Denne informasjonen blir mellom anna kopla opp mot Havforskingsinstituttet sine lusemodellar som kombinerer data om lakselus frå oppdrettsanlegg med miljøvariablar som straumforhold, temperatur og saltinnhald. Dette blir gjort for å berekne smittepresset i ulike område. Slik informasjon seier noko om korleis lakselus kan påverke både laks og sjøaure i sjøfasen.
Merkinga blir gjennomført i to sesongar og i 2027 får vi vite meir om korleis smittepresset har påverka smolten frå tre utvalde elver i Midt-Troms i prosjektperioden.
Bruk av KI for å dokumentere anadrome bestandar – Eit samarbeid med NTNU Gjøvik.
I tidlegare prosjekt har vi arbeidd med å dokumentere laks og aure som vandrar opp i elvane for å gyte. Her nyttar vi sensorar og video for å dokumentere art, kjønn og storleik. Men kvar fisk må likevel analyserast manuelt, noko som er svært arbeidskrevjande for forvaltninga i små og mellomstore elver. Difor har vi inngått eit samarbeid med NTNU Gjøvik for å utvikle kunstig intelligens (KI-modellar) og algoritmar som effektivt og med forholdsvis liten arbeidsinnsats kan registrere laks og aure som vandrar opp i elvane for å gyte.
Videoovervaking gjennom mange år har gjeve oss store mengder med opptak frå fiskeoppvandring i elvane. Dette gir oss informasjon om fisken sin storleik, vekt og andre biologiske eigenskapar. Informasjonen blir så brukt til å trene KI-modellar som lærer å kjenne att og klassifisere fisk. I første omgang er det deteksjon av fisk som står i fokus, men vidare blir modellane trena for å registrere både art og storleik. Når det gjeld gjenkjenning av kjønn, kan dette vere utfordrande, men på litt lengre sikt er også det eit mål å få til.
På denne måten vil bruk av KI i elveforvaltninga effektivisere registreringa, redusere behovet for manuell overvaking av bestandane og gi meir nøyaktige data. KI-systema blir kontinuerleg forbetra med nye data og tilbakemeldingar.
Andre tiltak i prosjektet
Innsamling av skjelprøver frå fiskesesongen.
Desse prøvene blir i første rekke brukt for å finne ut om det er oppdrettslaks i fangstane. Oppdrettsselskapet Salmar finansierer prosjektet som blir gjennomført i samarbeid med fritidsfiskarane og elveeigarlaga/lokal forvaltning. Veterinærinstituttet i Trondheim analyserer resultata.
Skjelprøvane blir også brukt for å dokumentere genetisk status i elvene ved hjelp av DNA-analyse. Dette arbeidet blir utført av Norsk institutt for naturforsking på oppdrag frå Miljødirektoratet.
Bonitering som grunnlag for innsamling av kunnskap om elvene.
Bonitering i utvalde elver gir informasjon som kan bidra til å sikre at gytebestandsmålet er rett, noko som igjen er eit tiltak for å sikre gode bestandsdata.
Oppfølging – fagnettverk for lokal forvaltning.
I prosjektet blir det gjennomført informasjonsmøter og fagsamlingar for deltakarane i prosjektet.
Målet er å bidra med fagleg påfyll og kommunikasjon og informasjonsutveksling mellom elveeigarlag, havbruksaktørar og forvaltning på regionalt og sentralt nivå.
Finansiørar/samarbeidspartnara
Troms Fylkeskommune, Troms Holding, Salmar, Mowi, BR.Karlsen, Sjømat Norge Miljøfond, Sameiet Grasmyrvassdragets elveeierlag, Rossfjordvassdragets Elveeierlag og Tranøybotn og Omegn JFF. Aktuelle forskingsinstitusjonar og fagleverandørar.