Denne veka deltek Nordavind Utvikling på Aqua Nor i Trondheim – verdas største messe for akvakultur.

Saman med fleire bedrifter og organisasjonar frå regionen er vi ein del av Troms fylkeskommune sin fellesstand. Her får vi høve til å vise fram både prosjekt vi jobbar med og tenester vi har å tilby.

Einar Hallsteinsen og Craig Dewar frå Catering AS i Svolvær serverer lunsj og smaksprøver til deltakarane på standen. Dagens meny er grava torsk med røkt sjøgras og skalldyrsresotto. Terningkast 6 seier Geir Fosland.

Kunnskapsprosjekt i fokus

Eit sentralt tema på messa er kunnskapsprosjektet om vandringsmønster hos anadrome artar i Troms, som vi gjennomfører i samarbeid med Havforskingsinstituttet. Prosjektet dokumenterer kva som skjer med artar som laks og sjøaure når dei forlet elvane og beveger seg ut i fjordsystema og beiteområda i havet. Dette gir viktig innsikt for både forvaltning og næring.

I tillegg jobbar vi med å utvikle læringsmodellar basert på kunstig intelligens for å dokumentere gytebestandane av anadrome artar. Dette prosjektet skjer i samarbeid med NTNU på Gjøvik, og målet er å effektivisere arbeidet til lokal elveforvaltning med dokumentasjon og forvaltning.

Møteplass for samarbeid og nye idear

Aqua Nor er meir enn ei utstillingsarena – det er ein viktig møteplass for å bygge nettverk og hente inspirasjon. Så langt har vi erfart at fysiske møte med folk er avgjerande for å bli kjent med nye aktørar og få nye idear. Det personlege møtet skaper tillit og opnar for samarbeid som sjeldan oppstår digitalt.

Vi ser fram til fleire gode samtalar og nye impulsar i løpet av messa!

Del denne artikkelen på sosiale plattformer