
517585327_1180951343834682_8739181046312586842_n
Kamilla Moe Johansen frå Sandefjord har gått frå å selje fisken til å forske på han. No tek ho mastergrad ved Institutt for arktisk og marin biologi ved UiT – Noregs arktiske universitet. Masterprosjektet er eit samarbeid med Havforskingsinstituttet og har som mål å finne ut meir om sjøauren sitt liv i havet.
-Dette var jo midt i blinken for meg, seier Kamilla. I sommar har ho vore med på alt frå smoltmerking til å følgje fisk med akustisk «lytteutstyr» i havet.
Forskar Rosa Maria Serra-Llinares har stor tru på Kamilla:
– Ho er engasjert og dyktig, og eg er sikker på at ho kjem til å bli ein veldig flink forskar.
Les meir om forskingsprosjektet og Kamilla sin Mastergrad https://nordavindutvikling.no/kamilla-pa-sporet-av-sjoauren/