
Videoovervaking gir kunnskap
Videoovervaking gir nyttig informasjon om utviklinga i dei anadrome bestandane
Videoovervaking, forsking og kunstig intelligens skal gjere det enklare og billegare å følgje utviklinga for fiskebestandane i små og mellomstore elver.
Fleire år med videoovervaking i elver på Senja og i Midt-Troms har gitt elveeigarlaga viktig dokumentasjon på utviklinga i bestandane av laks og sjøaure. Arbeidet har også lagt grunnlaget for eit tett samarbeid mellom elveeigarlag, Nordavind Utvikling og leiande norske forskingsmiljø.
Prosjektet Vandringsmønster Anadrom Fisk i Troms er finansiert av Troms fylkeskommune, Troms Holding, SalMar, Mowi, Brødrene Karlsen og Miljøfondet frå Sjømat Norge. Gjennom dette samarbeidet er overvakinga løfta frå rein fisketeljing til omfattande forsking på tilstanden i vassdraga.

Tormod Haraldstad og Knut Wiik Vollset i Norce merker smolt frå Rossfjordvassdraget som er på veg ut i sjøen.
Frå kamera til forsking
I 2024 og 2025 gjennomførte Havforskningsinstituttet, i samarbeid med Nordavind Utvikling, ein studie der laksesmolt og sjøauresmolt vart merka med akustiske sendarar. Eit nettverk av lyttebøyer utplassert i elver og fjordområde gjorde det mogleg å følgje fisken på veg ut mot beiteområda i havet. Resultata gir ny kunnskap om vandringsrutene til smolten, korleis fisken bruker fjordområda, og kor stor del av lakseyngelen som overlever den første delen av sjøopphaldet. For sjøauren, som held seg nærare kysten og returnerer, gir undersøkingane også verdifull innsikt i kor stor del som kjem tilbake til fødeelva.
Parallelt har Veterinærinstituttet gjennomført skjellanalyser av fangstar frå sportsfiskesesongen i fleire av elvene i området. Desse analysane kartlegg innslaget av oppdrettslaks, og gir eit sikrare grunnlag for å vurdere korleis rømt oppdrettsfisk påverkar dei lokale bestandane.
Kunstig intelligens skal gjere grovarbeidet
Utfordringa med dagens videoovervaking er at sensorikken registrerer alt som rører seg framfor kameraet. Når hausten kjem, driv det mykje lauv nedover elva og utløyser opptak. Dette gjer jobben for elveeigarane som skal analysere datamaterialet svært arbeidskrevjande.

Knut Holmgren og styret i Grasmyrvassdraget kombinerer dugnad, styrearbeid og mykje god fliring i gapahuken ved elva.
Difor samarbeider Nordavind Utvikling og elveeigarlaga med NTNU på Gjøvik om å ta i bruk kunstig intelligens i analysearbeidet. Målet er å redusere både tidsbruk og kostnader. På sikt skal teknologien også kunne registrere storleiken på fisken og vandringstidspunktet automatisk. I tillegg håpar vi at det skal bli mogleg å skilje mellom villaks, sjøaure, oppdrettslaks og pukkellaks.
Erfaringane frå Senja og Midt-Troms viser korleis lokalt engasjement, forsking, næringsliv og ny teknologi saman gir eit betre grunnlag for å ta vare på villaksen og sjøauren i åra som kjem.