Kamilla Moe Johansen og Rosa Maria Serra-Llinares Rosa

Havforskingsinstituttet (HI), Nordavind Utvikling AS og elveeigarlag i Senja kommune har samarbeida om eit omfattande telemetriprosjekt. Telemetriprosjektet er leia av HI, medan Nordavind Utvikling og elvelaga har vore aktive medhjelparar i planlegging, feltarbeid og gjennomføring. Målet er å få betre innsikt i kva som faktisk skjer med desse artane på vegen mot beiteområda.

I 2024 og 2025 vart det sett inn akustiske sendarar i om lag 250 smolt i Grasmyrvassdraget,

Masterstudent Kamilla Moe Johansen og forskar Rosa Maria Serra-Llinares merker smolt som er på tur til beiteområda sine i sjøen.

fordelt på både laks og sjøaure. Ved hjelp av eit nettverk av lyttebøyer plasserte frå elvemunningane og vidare ut i fjord- og kystområda, har forskarane kartlagt smolten sitt vandringsmønster, tidsbruk og overleving på vegen mot beiteområda i sjø. Datamaterialet viser at laksesmolten i hovudsak bevegar seg raskt og målretta igjennom Gisundet og vidare mot opne havområde igjennom Ytre Malangen. Retning og tempo i denne fasen ser ut til å vere påverka av straumforhold og geografisk struktur i fjordsystemet. Sjøauren på si side har sine beiteområde rundt elvemunning og indre fjordsystem.

For å dokumentere utviklinga i gytebestandane av laks og aure har Nordavind Utvikling og elvelag i Senja kommune arbeidd med videoovervaking av gytefisk i mange år. Dette arbeidet har gitt eit viktig kunnskapsgrunnlag om status i elvene.

Kombinasjon av data frå overvaking i elv og telemtridata frå fisken sin sjøfase gjev eit meir heilskapleg bilete av livsløpet til dei anadrome artane. Sjølv om bestandsutviklinga i Grasmyrvassdraget har vore positiv over ein lang periode, så indikerer Telemetridata høg dødlegheit under utvandring. Samstundes viser Havforskingsinstituttet til at bestandane kan vere sårbare for nye påverknadsfaktorar, som til dømes auka lusepress og klimaendringar

Telemetriprosjektet omfattar Grasmyrvassdraget, Tennelva og Rossfjordelva i Senja kommune, og inkluderer både laks og sjøaure i alle tre vassdraga. Rapporten frå Grasmyrvassdraget er no publisert av HI, medan resultata frå Tennelva og Rossfjordelva vil bli presentert så raskt som mogeleg. I tillegg kjem det ei eiga masteroppgåve med resultat frå forskinga på sjøaure.

 

Les meir om prosjektet her

Del denne artikkelen på sosiale plattformer