Å merke smolt er eit nøyaktig og krevjande arbeid som stiller høge krav til teknikk og timing. Fisken må vere stor nok til å tole det akustiske merket som blir operert inn i buken. Mengda bedøving i vatnet må vere nøye tilpassa, og før merkinga startar, må forskarane vere sikre på at fisken er tilstrekkeleg bedøvd. Snittet i buken må vere presist plassert og heile prosessen må gå raskt, slik at fisken ikkje blir liggjande for lenge ute av vatnet. Etter merking blir han plassert i ei bøtte for observasjon. Når fisken har kome til hektene igjen, blir han sleppt ut i elva.

Frå arbeid i fiskebutikk i Sandefjord, via folkehøgskule i Malangen, har Kamilla MoeJohansen tatt steget til Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet (UiT), og masterstudie ved institutt for arktisk og marin biologi. Gjennom forsking på smolt – den unge sjøauren på veg ut i havet– bidreg ho til å kaste lys over eit livsstadium vi framleis veit for lite om.

Dei siste to sesongane har forskarar frå Havforskingsinstituttet overvaka utvandringa av laks og auresmolt frå tre elver i Senja kommune. Målet med prosjektet er å få betre forståing av dei androme fiskeartane sine vandringsmønster i sjøen.

I år har dei fått god hjelp frå ein engasjert student ved Universitetet i Tromsø.

– Eg har alltid vore interessert i fisk, fortel Kamilla. Ho var ofte med morfaren på fisketurar, og har også jobba som fiskehandlar – erfaringar som har gitt henne eit praktisk blikk på fisken sin biologi og eit godt utgangspunkt for vidare forsking.

Samarbeid med Havforskingsinstituttet

Interessa for anadrom fisk – fisk som vandrar mellom ferskvatn og saltvatn – førte henne inn i eit spennande forskingssamarbeid med Havforskingsinstituttet (HI) i Tromsø. Rosa Maria Serra-Llinares, forskar ved HI, tok kontakt med UiT for å finne ein student til eit prosjekt om sjøaure, og Kamilla var ikkje vanskeleg å be. – Dette var jo midt i blinken for meg, seier ho.

– Vi ønskte å rekruttere ein student innanfor vårt fagfelt. Det er positivt både fagleg og for miljøet. I tillegg er studentane til stor hjelp i arbeidet, seier Serra-Llinares, som også er ekstern rettleiar for masteroppgåva til Kamilla.

Sjøauren i fokus

Masterprosjektet er framleis under utvikling, men den skal handle om sjøauren sitt liv i havet – med særleg fokus på smolten si vandring ut frå elva, vandringsmønsteret i sjøen, kjønnsforskjellar og kor lenge fisken oppheld seg i saltvatn. Dette omfattar delar av sjøauren sitt liv som forskarane framleis veit lite om, og som er viktig både for forsking og forvaltning.

– Meir kunnskap om smoltutvandringa til auren er avgjerande for å forstå korleis ein best kan ta vare på denne arten, seier Serra-Llinares.

Oppgåva vil bli knytt til elvene på Senja, og Kamilla har både forskar Rosa Maria Serra-Llinares frå HI og førsteamanuensis Christian Selbach ved institutt for arktisk og marin biologi på UIT med på laget som rettleiarar. Ho har delteke både i planlegginga av forskingsprosjektet og på feltarbeidet som mellom anna omfatta fangst og merking av smolt med akustiske sendarar, utsett av lyttebøyer i sjøen og manuell sporing av fisken. I tillegg har ho vore med i eit anna prosjekt som Havforskingsinstituttet gjennomfører parallelt. Her undersøker dei korleis lakselus påverkar overlevinga til laksesmolten, inkludert kunstig infisering med lus. – Under opphaldet har det vore mykje handtering av fisk i vitskapleg samanheng, og eg har lært utruleg mykje, seier Kamilla.

Her sorterer Kamilla smolt saman med Tormod Haraldstad frå forskingsinstituttet NORCE.

Utvikling av virtuelle modellar

Datamaterialet frå prosjektet skal mellom anna brukast i arbeidet med å lage virtuelle smoltmodellar for aure, og Serra-Llinares viser til at det er eit mål å få sjøauren inn i det nasjonale trafikklyssystemet  for oppdrett– noko som vil gi betre grunnlag for forvaltning og tiltak.

– Kamilla er engasjert og dyktig, og det er flott å sjå korleis ho har utvikla seg gjennom prosjektet. Eg har stor tru på at Kamilla Moe Johansen vil bli ein veldig flink forskar, seier Rosa Maria Serra-Llinares og legg til at det ikkje er kvardagskost at studentane møter opp med eiga vadebukse – det seier litt om erfaringa og innstillinga hennar.

Del denne artikkelen på sosiale plattformer