Stein Erik Finjord og Per Midtgård i Tranøy Jeger og Fisk hjelper Tormod Haraldstad frå NORCE å samle smolt til merking.

Smolt av laks og aure er no på veg ut i havet etter fleire år i elva. Forskarar frå Havforskingsinstituttet og NORCE følgjer dei tett for å forstå kva slags farar dei møter på denne kritiske reisa.

Etter to til fire år i ferskvatn startar smolten – den unge fasen til anadrome artar som laks og sjøaure – si vandring mot beiteområda i sjøen. Før dei kan tole livet i saltvatn, må dei gjennom ein krevjande smoltifiseringsprosess. Dette er ein fysiologisk overgang der fisken lærer å skilje ut salt gjennom gjellene – ein livsviktig tilpassing for å overleve i havet.

-Predatorane ventar på smolten

Når smolten legg ut på reisa, stansar han ofte ei stund i elvemunningen for å venje seg til det nye miljøet. Denne fasen er avgjerande for at fisken skal klare overgangen frå ferskvatn til saltvatn, men gjer han samtidig ekstra sårbar. Dei grunne områda i strandsona fungerer som ei slags flaskehals der mange smolt samlar seg, og der predatorane ventar. Fuglar som laksand, siland, måke, terne og hegre, samt større fisk som sjøaure og torsk, nyttar denne tida til å jakte på dei små og uerfarne fiskane.

-Høge temperaturar gjev meir lus

Etter denne første kritiske fasen ventar nye utfordringar i sjøen. Lakselus er ein av dei store truslane. Kor mykje lus smolten blir utsett for, avheng mellom anna av plasseringa av oppdrettsanlegg, straumtilhøve og sjøtemperatur. Trass i at havbruksselskapa er pålagt å halde lusenivået i oppdrettsanlegga nede, kan høge temperaturar og ugunstige straumforhold likevel føre til omfattande lusepåslag.

-Meir kunnskap gir betre forvaltning

Difor er det avgjerande å skaffe meir kunnskap om kva faktorar som påverkar overlevinga til smolten i sjøfasen. Den pågåande forskinga gir verdifull innsikt som både forvaltningsmyndigheiter og havbruksnæringa treng for å kunne setje inn målretta tiltak.

Del denne artikkelen på sosiale plattformer