
Lyttebøya som er festa under desse flagga skal stå i sjøen til slutten av august 2025
Dei anadrome artane er snart klar for å stikke til havs
Eit stort engasjement for vill laksefisk og ein økonomisk dugnad har gjort det mogleg å forske på kva som skjer med dei anadrome artane – laks og aure – i den perioden dei oppheld seg i havet. Målet er å få betre innsikt i ein kritiske fase av livssyklusen, som vi enno ikkje veit så mykje om.
I samarbeid med Nordavind Utvikling og lokal elveforvaltning gjennomfører Havforskingsinstituttet eit forskingsprosjekt som skal gi ny kunnskap om kva som faktisk skjer med smolt av laks og aure når dei startar beitevandringa i sjøen.
Vi treng meir kunnskap
Gjennom mange år har lokal elveforvaltning i Midt-Troms og Nordavind Utvikling overvaka kor mykje laks og aure som overlever beitevandringa og kjem attende til elvene for å gyte. «Dette gir viktig informasjon om utviklinga i dei lokale bestandane. Men vi veit framleis lite om kva faktorar som påverkar fisken medan den oppheld seg i havet, ein kunnskap som vi prøver å skaffe oss gjennom dette prosjektet», seier Kari Johanna Tveit i Nordavind Utvikling.
Samarbeid er avgjerande
Nordavind Utvikling og forvaltninga i Grasmyrvassdraget, Tennelvvassdraget og Rossfjordvassdraget deltek i eit toårig samarbeid med Havforskingsinstituttet. Vi veit frå før at laksen beiter ute i storhavet, medan auren i større grad held seg inne i fjordane. Men det er behov for meir detaljert kunnskap om smolten, og etter kvart den vaksne fisken sine beitevandringar i sjøen.
Den praktiske delen av prosjektet går ut på at representantar frå elveeigarlaga og Tranøy Jeger og Fisk samlar smolt i ruser. Deretter blir fisken bedøvd, og forskarane opererer inn akustiske merker i buken. Etter ein periode med overvaking under oppvakning blir fisken sleppt ut for å starte si vandring mot havet.
Lyttebøyer registrerer fisken

Rune Nilsen frå Havforskingsinstituttet merker laksesmolt.
Foto: Kari Johanna Tveit
Ved hjelp av dei akustiske merka og lyttebøyer som er plassert både i elvemunningen og ute i havet, kan forskarane følgje vandringsrutene og sjå korleis fisken brukar havområda. Dette gir svært verdifull kunnskap om dei anadrome artane.
Vidare framdrift
Datainnsamlinga går føre seg fram til hausten 2025. Deretter startar forskarane sitt analysearbeid, og det vil ta litt tid før den endelege rapporten frå prosjektet er klar.
Finansiering og støtte
Prosjektet er kostnadskrevjande, særleg når det gjeld innkjøp av akustiske merker og lyttebøyer og hadde ikkje vore mogeleg å gjennomføre utan økonomisk støtte frå: Troms Fylkeskommune, Troms Holding, Salmar, Mowi, BR. Karlsen og Sjømat Norge sitt miljøfond.