-Eit godt folkemøte i Dyrøy

-Eit informativt og godt møte. Det var ordførar Randi Lillegård si oppsummering etter folkemøte om Kystplan Midt- og Sør-Troms, som vart arrangert i Dyrøy denne veka.

Havbruksnæringa er i sterk vekst i Nord-Noreg, noko som har skapt større behov for å planlegge bruken av kystområda våre. Difor sette Troms Fylkeskommune i 2011 av midlar for utarbeiding  av regionale kystsoneplanar.  No er «Kystplan Midt- og Sør-Troms» som omfattar 13 kommunar med 2426 tusen km kystlinje og 3757 km2 sjøareal, på høyring.

Planen  skal godkjennast i kvar kommune og høyringsfristen går ut denne månaden, så no vert  den framtidige bruken av kystsona i Troms grundig diskutert i rundt omkring i kommunane.

God dialog

På folkemøtet i Dyrøy presenterte  prosjektleiar Inger Andreassen, og fagleiar i kommunen, Ragnvald Tollefsen prosessen som ligg til grunn for den planen som no er på høyring. Etterpå var det lagt til rette for spørsmål og dialog.

Spørsmål som kom opp under møtet var i hovudsak knytt til lokalisering av oppdrettsanlegg i høve til fiske- og gyteområder, bruk av avlusingsmiddel i oppdrettsanlegga, framtidig vekst og krav til avstand mellom lokalitetane.

-Vi fekk mange gode spørsmål og vi hadde ein god dialog mellom politikarar, havbruksaktørar og befolkninga generelt, så eg opplevde at vi hadde eit svært godt møte i Dyrøy,  seier Andreassen.

Ho viser vidare til at alle som er opptatt av spørsmål knytt til havbruk og miljøpåverknad bør lese Havforskingsinstituttet si nye risikovurdering av miljøpåverknadar frå matfiskproduksjon.

Høyringsfrist denne månaden

Høyringsfristen for kystsoneplanen er 30 april, og den 15 juni skal politikarane vurdere kva innspel ein skal ta omsyn til i den nye planen. Men i utgangspunktet har det ikkje vore store konfliktlinjer i denne regionen.

-Det er ikkje lagt ut nye lokalitetar i dette området. Her er det berre snakk om å mindre justeringar, og eg opplever at vi har hatt ein svært god prosess så langt, seier Andreassen.

Folkemøte om kystsoneplan 1

Kystsoneplanen som no er på høyring skapte stort engasjement på folkemøte i Dyrøy kommune denne veka. Her presentera prosjektleiar Inger Andreassen planen for rundt 30 frammøtte.


Dialog rundt bordet

Planar for bruk av kystsona, presentert på store kart, gav godt grunnlag for diskusjon.


Ragnvald Tollefsen og Inger Andreassen

Ragnvald Tollefsen i Dyrøy kommune og prosjektleiar Inger Andreassen har jobba intenst med å ferdigstille høyringsutkastet til den nye kystsoneplanen.


Ken-Rune Bekkeli og Tormod Nygård

Ken-Rune Bekkeli i Salaks AS (t.v) og Tormod Nygård i Dyrøy villfisk er begge godt fornøgd med innhaldet i den nye kystsoneplanen som vart presentert på folkemøte i Dyrøy denne veka.