Ordføraren takkar for innsatsen

Elevar og lærarar ved Elvetun Skule i Brøstadbotn var svært delaktig i planlegging og gjennomføring av Dyrøyseminaret 2014. Denne veka kom ordføraren og tilsette ved Dyrøyseminarsenteret på besøk for å takke for innsatsen.

På seminaret deltok elevane frå Elvetun på mange ulike områder. Under opninga i Nordavindshagen ønskte fjerde klasse kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner velkomen til Dyrøy og Brøstadbotn med sin eigen presentasjon av kommunereformarbeidet . Femte klasse laga animasjonsfilm der framtida for kommunen sto i fokus, medan Kul Mat på Kulturskulen serverte heimelaga fiskesuppe og fiskekaker til stor glede for svoltne seminardeltakarar.
Sist, men ikkje minst hadde Elvetun Skule ansvaret for gjennomføring av Spor 3 der ungdomskraft, nye ungdomsroller, utdanningsval, nettvett og den digitale skulen sto i fokus.

Elevar og lærarar sin innsats i arbeidet med Dyrøyseminaret 2014 har vore svært viktig for både gjennomføring og det faglege innhaldet.

Sjå innslag frå Dyrøyseminaret her

Randi takkar elevane

Ordførar Randi Lillegård og dagleg leiar i Dyrøyseminarsenteret Kjell Sverre Myrvoll takka elevane for god fagleg innsats på Dyrøyseminaret 2014