Fagforbundet vil ha folkeavstemming

Mette Nord Foto: Fagforbundet

Mette Nord
Foto: Fagforbundet

Fagforbundet med leiar Mette Nord i spissen krev at det vert gjennomført folkeavstemmingar om kommunesamanslåing.

Fagforbundet har 335.000 medlemmar og i ein artikkel i avisa Klassekampen framhevar Nord at organisasjonen har stor innverknad på kva som skjer lokalt. Prosessen rundt ei kommunesamanslåing vil påverke  lønns- og arbeidsvilkåra til Fagforbundet sine medlemmar, og organisasjonen vil difor delta i prosessen med kommunereforma.

Nord legg til at Fagforbundet ikkje er imot kommunesamanslåing, men understrekar at det må skje frivillig, etter lokale behov.

Fagforbundet har utarbeida eit eige notat om organisasjonen sitt arbeid med kommunereforma.