Unge i fokus på Dyrøyseminaret

På årets Dyrøyseminar blir det arrangert ein eigen workshop med unge i fokus. Her handlar det  om nye ungdomsroller, utdanningsval, nettvet og den digitale skulen. Sentrale bidragsytarar er senterpartipolitikar Sandra Borch, fylkesråd for utdanning Roald Sollie og professor Tom Tiller ved Universitetet i Tromsø.

Digital mobbing

Utdanningsdirektoratet, med statsministeren i spissen, set i haust i gang ein nasjonal aksjon mot mobbing. Saman med Elvetun Skule tek årets Dyrøyseminar dette på alvor. Sandra Borch har gjennom media gjort ein svært viktig jobb med å diskutere trakassering og mobbing på nett, også med kurs for ungdommar og vaksne. Høyr henna historie andre dag av Dyrøyseminarets. Ungdomsskuleelevane i Dyrøy skal jobbe med eigne prosjekt i tilknyting til tema. Workshopen dag 2 passar for ungdommar og vaksne som ønskjer å debattere positive og negative sider ved den digitale utviklinga. Meld deg på her.

Ungdomsmedverking

Tidlegare elev ved Elvetun Skule Elise Chruickshank skal saman med inspektør Sverre Bergheim ha regien på det som føregår i kultursalen den 24. september. Dette er ikkje framande oppgåver for 18-åringen. Alt som 15-åring hadde Elise leiaroppgåver på Dyrøyseminaret.

Arbeidet med planlegging av neste skuleår er godt i gang ved Elvetun Skule. Her er det elevane si deltaking på Dyrøyseminaret i slutten av september som er tema. Frå venstre inspektør Sverre Bergheim, rektor May-Elin Hals og prosjektleiarar i Dyrøyseminarsenteret  Ragnvald Storvoll og Nina Nikolaisen.

 Frå venstre inspektør Sverre Bergheim, rektor May-Elin Hals og prosjektleiarar i Dyrøyseminarsenteret Ragnvald Storvoll og Nina Nikolaisen.