Er det kommunen som fortel kven eg er?

Dan-Erik Aggvin Foto: Distriktssenteret

Dan-Erik Aggvin
Foto: Distriktssenteret

-Når vi snakkar om kommunereform, er det kommunesamanslåing lokalt folk tenkjer på. At det kan vere fornuftig å ha større kommunar med sterkare fagmiljø er det lett å forstå for mange. Men det er lettast å forstå at det er fornuftig for alle andre. Når vi snakkar om min kommune, er det noko anna som slår inn. Dei rasjonelle argumenta som fortel om kompetanse, økonomi, effektivitet, arbeidsmiljø og alt anna vi kan telje opp kjem til kort. Det er der identiteten kjem inn. Det er lokalt det kjem inn ein ustyrleg faktor som er vanskeleg å setje fingeren på og som kan få meir å seie for folkemeininga enn dei rasjonelle argumenta.

Dette skreiv kommunikasjonsrådgjevar Dan-Erik Aggvin i Distriktssenteret etter han deltok på om worshop om kommunereforma og identitet. – Vi tek debatten på Dyrøyseminaret 2014.